Ulveham
00:00
/
03:00
|
|||
1. |
Ulveham
03:00
|
|||
Eg var meg så ven og fager ei møy
Med stimoder vond, mi moder ho døy
Ho skapte meg om til eit svær og ei nål
Og sende meg av ti kongens gård
Og vreida mi stimoder kjende mest
Når alle dei gillaste lika meg best
Ho gav meg ein ham som ulve grå
Ho svor meg einsam i skogjen gå
Og aldri blir eg heil og god
Før eg fær drukkje min broders blod
|
||||
2. |
Hamløypar
03:09
|
|||
Ytst på berget står ho
som kan å stille
stormen med handa.
Mane havet til ro,
tøyme dei ville,
veglause landa.
Susar liksom ei ørn
ut imot skjera,
einsam i blået.
Streifar kanskje som bjørn,
brei over herda,
sjeldan å skode
Løynd som fisken i hav,
ei mellom mange
småe på jorda.
Kvar ber vegen din av
du som kan fange
lynet og tora?
|
||||
3. |
Førnesbrunen
05:32
|
|||
Høyr, klokkene kling.
Dei ber vidt ikring,
og slaga og stega er tunge.
Men sjeler av gamle og unge,
dei veg ingenting.
Eg trør og eg trør.
Men bak kvar ei dør
har lydlause føter gått føre
og alle ho valde å røre
dei blir no mi bør.
Ein vandrar i svart
Ho treng ikkje kart.
I boka ho løyner i famna
står soga om gardane, namna
og alt det vi vart.
Eg veit kvar eg skal.
Den siste som fall,
han lærte meg stega og vegen,
og om eg vart tukta og slegen
Eg lydde eit kall.
Høyr, klokkene slår,
og fjellskogen står
og susar når dagen er omme,
for alle dei einsame stumme
som var her i går.
|
||||
4. |
Skarvane
04:42
|
|||
Landet lyser som i draum.
Ingen augo kjenner
leida løynd i våg og straum
til så kvite strender.
Du må segle i ein storm,
skjelve der, i tårer,
sjå kor havet skifter form
og lyfter sine bårer.
Gjennom gnyet tonar skrik
Høyr, tre skarvar jagar
snøgt som vinden mot ei vik,
heim til stille dagar.
Sterke, svarte venger slår
ut mot draumestranda,
der ein mogen åker står
og gyller himmelranda.
Ser du sol og tunge aks,
du som vonlaus stirer?
Alt som djupt i hjarta vaks,
det er her det spirer.
Attom dauden ram som salt,
der er lykter tende.
Tør du ofre alle, alt?
Fåe kjem attende
|
||||
5. |
Svarteboka
04:00
|
|||
Eit rop i frå hel
Mørket det batt
Forbanne di sjel
Be nåde for dei som blir att
Les ikkje i
Fanden sitt ord
Da fer han fri
Du fer til trolldom si jord
Med makt til å rå,
og skade ei verd,
Ord som kan slå,
Men ikkje før du tek i ferd
Vil du så fred,
Halde fram dyd,
Fanden sitt kvad
Gjer deg sin skjendige fryd
Mørkt vil det bli,
Vondemakt strir
helt til du mot berget rir
Kva enn du vil
Dreg du i frå
Kva enn du får att
Er det mørkt omkring
Svart som evig natt
Men du dreg i frå, fordi eg har orda.
Eg kan gje deg alt du vil, når mørket blir til.
Men stemmen den brast.
Auge som såg, Auge som såg,
uskuld som brann,
Får ikkje gå
Fredfulle livet det svann
Det vonde satt fri
Du har nytt kall
Født for å stri
Berget kan bøte ditt fall
Ein frykteleg makt
I sjelelaus drakt
I bergveggen fast all si tid
Forbanne di sjel. Evig fortapt.
Eg kan gje deg alt du vil. Eg kan gje deg evig liv.
Men du dreg i frå, fordi eg har orda.
Eg kan gje deg alt du vil, når mørket blir til.
Men stemmen den brast. Evig fortapt.
|
||||
6. |
Huldra
03:36
|
|||
Eg er kjær-leik,
Den du trår etter.
Eg er nær-leik.
Den du går etter.
Eg er elsk-hug.
Den som styrer deg.
Eg er elsk-dug.
Den som yrer deg.
Eg er til-sviv.
Ei som anar deg.
Eg er vill-viv.
Ei som manar deg.
Synene som mange tvilar på, men sume trur,
hildringsette inni himmelhugen bur,
og hjartene gjer så sjølvrådd, sin kur,
styrt av sin natur.
Eg er den som dukkar opp i skumring og i draumesinn,
syner seg så brått og huldrar hugar inn,
og aldri hjartefred den drøymaren finn
som eg slik vildrevinn.
|
||||
7. |
Solfager og Ormekongen
04:53
|
|||
David kongjen kom seg riand i går
Solfager to ute og sola sitt hår
Han støypte gullkrossen i solfagers hond,
At ho sill vera kjend på fremminde lond
Ormekongjen kom seg riand i går
Solfager sto ute, ho sola sitt hår
Så gav han henne dei dvaledrykkjin tri
Solfager ho dåna, då ho fekk di
Kongen let seg pilmrimsklæi skjera
Liksom ein pilgrim han vera
Solfager ho lyfte på pilgrimshatt
Er du kongjen, du seie meg satt.
|
||||
8. |
||||
Eg vil ikkje vera slave!
Kjærleiken er ingen klave
Du bitt ikring ei kvinnesjel
Kjærleik er å vilja vel!
Eg vil ikkje la meg eige.
Du kan ingen hjarto leige.
Eg er'kje noko som du stel.
Kjærleik er å vilja vel!
Elsk meg, elsk meg med det gode,
Det som ligg i manneblodet.
Det er'kje nett når hanen gjel.
Kjærleik er å vilja vel!
Har du nokon hjartekjære,
Elskar du med all di ære.
For elskhug er som bråe e'l
Kjærleik er å vilja vel!
Eg vil livet atterføde.
Liksom jorda bera grøde.
Så elsk meg ikkje beint ihel.
Kjærleik er å vilja vel!
|
Gåte Trondheim, Norway
With their captivating performances and
groundbreaking mix of traditional folk and modern rock Gåte manages to interpret
and convey traditional folk songs to a whole new generation of listeners.
In 2020 the band chose to go back to their roots and dive into the vast traditional music history Norway has to offer.
Proving yet again that great music and great art endures.
... more
Streaming and Download help
If you like Gåte, you may also like: